English website

Velkommen til Lærdal 8.-15. august 2010

Picture
I år vert festivalen i vakre Lærdal, midt mellom aust og vest. Det går buss dit frå Oslo og Bergen og det er difor heilt uproblematisk å koma seg til festivalen. Lærdal opnar for mange spanande opplevingar. I år vert festivalen utvida til ei veke.

Sergio og Odair Assad

Picture
Assad brørne har fleire gonger vorte kåra til den beste klassiske gitarduoen i verda.
Sérgio Assad og Odair Assad starta båe å spele gitar svært tidleg i livet og har seinare hatt same lærar og saman lært den same musikken og teknikken. Kontakten mellom dei to brørne på scena er difor heilt unik. Dei to brørne frå Brasil er vel kjende på store scener i USA, Europa og Sør Amerika.


Los Angeles Guitar Quartet

Picture
John Dearman, William Kanengiser, Scott Tennant og Matthew Greif er kjende for å bruke nylonstrengar på gitarane for å få fram ulike effektar og variasjonar i instrumenta. Dei fire traff kvarandre då dei gjekk på Thornton School of Music. Kvartetten frå Los Angeles spelar fleire ulike typar musikk som t.d. Barokk, Bluegrass, Flamenco og Rock og er kjende for si innspeling av Pacific coast highway, Quiccan og Bantu.

Graham A. Devine

Picture
Graham Anthony Devine er fødd i England og har studert musikk på Chetman’s School of Music i Manchester. Han flytte til Brasil nitten år gamal og har etablert seg der både som lærar og utøvar. Han  er mykje nytta til å undervise gitarelevar i heile Sør Amerika.
I 2002 vann Graham to av dei mest prestisjetunge gitarkonkurransane i verda, Alcoy i Spania og Emilio Pujol i Italia.


Manuel Barrueco

Picture
Manuel Barrueco vart fødd på sørkysten av Cuba i 1952 og byrja å spele gitar som åtteåring og studerte seinare ved konservatoriet i Santiago de Cuba. Han emigrerte med familien til USA i 1967 og studerte seinare på Peabody konservatoriet i Baltimore. Som 22 åring var han den fyrste artisten som vann fyrsteplassen i the Conceert Artist Guild Award på klassisk gitar. Barrueco turnerar i USA, Europa og Japan

Mario Ulloa

Picture
Mario Ulloa er fødd i Costa Rica og har utdanning frå Castella konservatoriet og musikkskulen ved universitetet i Costa Rica. Han har seinare studert i Salzburg og Tyskland.  Han tok doktorgraden sin på  Bahia’s Federal University Music School i Brasil. Han er ein kjent artist frå mange store scener i Europa, Canada, USA og Sør Amerika. 

Marcin Dylla

Picture
Marcin Dylla er fødd i Polen i 1976 og har studert musikk i Katowice, Basel og Freiburg. I tidsrommet 1996 – 2004 vann Dylla 17 førsteplassar på prestisjetunge gitarfestivalar i Europa og USA.